mandag 7. mars 2011

"Ka tid min kjole e ferdig, mamma?"


No er den ferdig, kjære gullungen min:) Eg strikka denne tunikaen/kjolen til Prinsessa før jul. Og minstemor likte den også, så ho spurde berre som den mest naturlege ting i verda: Kva tid er min ferdig? Eg måtte berre strikke ein til!

Heldigvis er denne nokre størrelsar mindre enn den fyrste, så då gjekk det greitt å gå laus på å strikke ein til. Jentene var veldig fornøgde i dag tidleg, då dei drog på seg like tunikaer. Eg må vel innrømme at den yngste var eit lite hakk meir ekstatisk enn storesystra. Minstesystra meinte at no var dei tvillingar. Prinsessa himla litt med augene, og minte om at ein kan sjå forskjell gjennom nokre år, mange centimeter og ulik hårfarge. Jaja, det er ikkje så farleg:)

Tunikaen er strikka i Sisu, og oppskrifta henta eg frå eit blad i fjor haust:)

Eg har forresten eit spørsmål: Er det nokon som har prøvd å stryke på vlieselin på baksida av slike kantar som berre vil brette seg opp? Det er det samme som skjer på begge to, og eg syns det er veldig irriterende! Det er ikkje mykje hjelp i å dampe/stryke plagget heller.

11 kommentarer:

solveig sa...

Fine kjolar! Kjekt å kle søsken likt. Eg gjorde det ein gong med tre gutar, men arvinga vart litt kjedeleg. Yngstemann gjekk med same bestekleda i åresvis.

Mette sa...

Ja, det er fine tunikaer. Eg har strikka han sjølv også i korterma variant og med litt andre fargar. Fine jenter :-)

Greta sa...

Eg prøvde eit år å strikke eit sett til elste bb. det skulle vere bursdagsgave. da fikk farmor tlf med ein gong av den minste som også ville ha sånn skjørt og genser. Så no strikker eg til begge kvar gang. Ikkje like farger bestandig men like ting. Dei vil jo vere like fine :0).
Flotte tunikaer og skjønner godt minstemor som var kry ja. Ha ein fin dag.

karna sa...

Kjempefine tunikaer, og heldig enn så lenge at eldste vil være lik yngste (har erfaring ,-) Hva med å hekle krepsemasker nederst, det så jeg som tips i en blogg som også hadde problem med en kant som rullet.

Smarie sa...

Kjempeflotte tunikaer ;o) Og kan anbefale hekling av krepsemasker, da vil de ikke rulle ;o)

Rekkehuset sa...

Kjempesøte jenter i flotte tunikaer! Klart lillesøster gjerne vil være som storesøster:-) Kan dessverre ikke hjelpe med brettingen, det er noe herk. Hjertelig hilsen Hanne.

Hege sa...

Så flotte tunikaer! :)
Og utrolig søte og herlige modeller ;)

strikkemamma sa...

Kjempefine tunikaer ,jeg har også strikkrt den til mi jente Da hekla jeg en kant med fastmasker nede og da hold kanten seg fint

mimouna sa...

Fine jenter i like tunikaer. :o)

Vliseline holder dårlig på strikkestoff. Det er nok bedre å hekle en kant, slik som flere alt har foreslått.

Judit sa...

Nydelige jenter med fine kjoler:-) Du har grunn til å vere stolt!

Anonym sa...

Søte jenter i flotte kjoler! :) Så flink du er som strikker to like i like farger. Har nok litt for lite tålmodighet til slikt, eg..