torsdag 31. mars 2011

Lett røykt

Vi var så heldige at vi fekk ei runde til med snø. I relativt store mengder, faktisk. Og etter at vi fekk på plass høveleg utstyr på traktoren igjen, var det eigentleg greitt. Heile bygda, inkludert meg, sleit på tysdag, då var det så mykje snø overalt at bilane spann og sette seg faste på flat veg... Men så kom plogane i sving, og det var jo mildt, så snøen smelta fort på vegane. Snøen på markane forsvann ikkje like fort.

Og snø kan jo brukast til noko kjekt også!
I dag hadde vi skidag på den flotte skulen eg arbeider på. Det skulle ha vore lukt og lyd på bloggen min, for eg klarer ikkje å skildre opplevingane utan... Eg var stor sjef for eit bål, og er godt innrøykt. Pussig at røyken liksom flyttar seg etter meg?

Lyden av 200 sjarmerande born på ski og akebrett er herleg. Og synet av like mange med kakaobart og grillpølse på pinnen, det er ikkje ille.
Veret var perfekt til vår bruk i dag. I går var det strålande sol, men i dag var det behageleg også utan solbriller.

Forresten fekk eg ny tittel: Ei lita jente lurte på om eg var rektor over grillpinnane. Det syns eg var passe til meg, så eg godkjende min nye tittel utan for store protestar;)

Elles kan eg vise fram den siste kjolen til minstemor, med jenta inni;)I dette innlegget kan du finne meir om kjolen:)

5 kommentarer:

Greta sa...

Det er bra at nokon er rektor over grillinga også :0).
kjekt når ein kan bruke all den ekle snøen til noko posetivt. her slapp vi unna den siste snøen, foreløpig er det vel best å seie.
Kjolen var flott på minstemor. eg må huske på den oppskrifta der. Ha ei fin helg klem

Liv sa...

Jeg sitter her og og humrer for meg selv. Du beskriver en deilig dag sammen med barn, det kan jeg like. Jeg jobber også i skolen, og vet at barna kan si og gjøre en masse som virkelig GJØR dagen. Og i går ble du rektor over grillpinnene, det er stort!!!

Vi håper på mange flere gode dager sammen barna;)

gyldenkron sa...

Hehe, rektor over grillpinnene, den var søt. Og så flott kjole til din jente. Hvilken oppskrift er det? Og garn?

Bæsta,ka duuuu jøøøørrrr??? (sonjasside) sa...

Så da kan du kalle deg Rektor.Å du stiger vel noen hakk på lønnstigen du nu. :)Knall fin kjole.

pakkalakka sa...

Å så deilig kjole! :)

Høres ut som en knallfin utedag :)