torsdag 19. mai 2011

Folkehøgskule burde vere obligatorisk!

Eg er ein varm tilhengar av folkehøgskule. Det har kanskje noko med at eg hadde eit fint opphald på Sagavoll for 20 år sidan. Musikanten min har no hatt eit flott år på Rønningen.

Sist helg fekk eg og pappaen til Musikanten bli med på avslutningssamling på Rønningen. Det var ei verdig avslutning på året. Under ser du alle elevane på scenen samtidig, i skulekoret.



No er dei fleste elevane reiste heim, og det var mange tårer å sjå før avreise! Men Musikanten min er der enno:) Han er nemlig med på Ten Sing Norway, og dei skal ha eit par eksamenar før dei tek sommar. Så dei er ca 20 kjekke ungdomar som framleis bur på Rønningen, og skal jobbe med studier. Jaja, det vert vel litt av det også;) Kanskje vert det meir lesing etterkvart som eksamen nærmar seg meir og meir....
Stram kar i Sunnmørsbunad:)

Ingen kommentarer: