mandag 2. mai 2011

Mitu....

I dag var eg på strikkekafe på Trådkråa. Det vart ikkje strikka ei maske, for eg var ikkje heilt i modus til å sette meg ned og strikke når det var strålande sol ute... Men sidan det var 20% avslag på alt garn, måtte eg jo ta med meg litt! Gubben har snakka om at han kunne tenkt seg ein islendar, så då er jo det eit mogleg prosjekt.

Innehavar Barbro på Trådkråa har ganske god oversikt over kva som fins, så ho kom kjapt med oppskrift på islendar strikka i Mitu. Det garnet har eg aldri prøvd før, men eg blir tiltrekt av blandinga av ull og alpakka. Så då får eg prøve det no.

Men då eg bladde i heftet, kom eg over eit mønster eg har vurdert til meg sjølv. Ein enkel tunika med rundfelling og stjernemønster i rundfellingsfeltet. Jammen vart det med nok Mitu til å strikke den også... Sjølv om oppskrifta var meint til pt5. Mitu var så mjukt og deilig, eg berre måtte!!

2 kommentarer:

Greta sa...

Så gøyt og spennende. da har du masse arbeide forann deg da. Tar vel ei stund før den vert ferdig no på sommaren, men skal verte kjekt å sjå. gleder emg til det. ha ein flott vår/sommer dag

tintin sa...

Gled deg til å begynne. Har strikka i Mitu sjøl og den er kjempedeilig!