onsdag 29. juni 2011

Eg gler meg til sooool!!


Eg er så glad fordi vi skal til Tyrkia i sommar! I år har vel sommaren vore rekord-dårleg på Sunnmøre, kanskje i store delar av landet? Eg trur eg hadde vore skikkeleg sur og grinete om eg ikkje hadde sikra meg to veker sol og varme:) No tel vi ned, og gler oss til å bade, sole oss og berre nyte livet.

Vi er heldige, sidan foreldra mine eig ei leiligheit som vi kan låne. Der er det flott både inne og ute, og så slepp vi å lure på kva hotell som er bra nok og kva by eller land vi skal velge;)

Men eg har litt behov for assistanse. Vi er ikkje så fryktelig kreative, så vi kjem gjerne ikkje på alle dei smarte reisemåla før vi høyrer om andre som har gjort noko morsomt. Då tenker vi ofte at det skal vi jammen også prøve ein gong... Så no utfordrar eg lesarane: Fortel kva du skal gjere i ferien! Eller kva du skal gjere neste år, eller året etter, om det er meir fristande å fortelle om det:)

1 kommentar:

Unknown sa...

Eg skal til Tyrkia eg også,i August og eg stor gledar meg,:)Makan til dårleg vær skal ein leite lenge etter:(