søndag 19. juni 2011

Ny fjelltur:)

Det er så fint når yr ikkje treff med vermeldingane sine! I alle fall når dei i lang tid har meldt om dårleg ver denne helga, og så blir det fint! Ikkje for det, det hadde vel vore betre om vi fekk planlegge etter veret, men det er ikkje såååå viktig.

I går hadde vi ei miniturnering med fotballjentene, og eg leika sjef i kiosken. Slikt likar eg:) Det er kjekt å lage lister, bestemme kva foreldra skal ta med og kva dei skal gjere, og det er kjekt å steike vafler og selge mat til blide born og foreldre.

I dag gjekk vi ein tur på fjellet. Det var ein kort tur, og vi tenkte at heile familien kunne fikse dette. Det viste seg å vere litt bratt, men det gjekk bra. Eg mista stien eit øyeblikk, og rota meg ut på ei risikabel side.... Heldigvis kom eg på rett veg igjen;)

På vegen opp var det strålande sol, men på toppen kom skodda sigande. Den erta oss, kom og stakk av igjen. Temperaturen var ok heile tida, så det var ikkje noko problem!
 

Vi hadde til og med middag ute i hagen i dag, bacalao!!

Posted by Picasa

1 kommentar:

Greta sa...

Vi hadde også ein herlig liten fjelltur i bedere ver enn dei sa vi skulle få. Hadde ikkje regn i det heile i går.