fredag 24. juni 2011

Småproduksjon:)

Det er kos med småprosjekt, for dei blir fort ferdige:) Her er eit par nye sokkar til Prinsessa på 8 år, ho vart så forelska i garnet at ho MÅTTE ha slike. Så då fekk ho sjølvsagt det. Resten vart ein kjole til ei lita dokke, som har vore naken i altfor mange år. Etter at eg tok dette bildet har dokka også fått tøfler, så no har ho det ganske supert!


Såpekoking er ein fin mogleg hobby. No har vi heimelaga såper ved vasken både oppe og nede. Eg har ergra meg over at desse såpene er så glatte at dei glir ned i vasken, og ikkje vert liggande på kanten. Det er sjølvsagt berre eit problem når såpene er våte, men det er dei jo ganske ofte:)


Såpekopp har eg ikkje, for lenge har vi berre brukt såpedispenserar og tilhøyrande flytande såpe. Men no har eg testa noko nytt.
Såpekoppklut. Enkelt og greitt!
Slik ser den ut i bruk. Såpa vert liggande i ro, og eg reknar med at eg lett kan vri opp kluten ved behov og skylle såpa ut av kluten. Dessutan tek denne minimalt med plass i vaskemaskina.... Eg lurer på om eg skal lage eit par til, det gjekk 10 gram tynt bomullsgarn til desse to.

1 kommentar:

Greta sa...

Det var lurt. Noe sånt vil eg og lage snart. berre eg ikkje glemmer det. Supr ide