mandag 6. juni 2011

Sommaren er nær!

Eg gler med til ferie, men det er jo ikkje heilt enno. I dag talde vi over i 2b, og kom fram til at det står att 10 skuledagar etter at vi har gjort ferdig dagen i dag. Så då er det lett å telle frå no av:)Ok, eg har ikkje ferie frå då elevane tek ferie... Men eg har andre aktivitetar enn normalen, og det gjer at det kjennes litt som ferie likevel. Ein del av tida skal eg bruke til å engasjere nokre unge innvandrarar som elles ikkje har noko spennande å fylle ferien med. Det blir sikkert kjekt! I fjor var vi for eksempel på bading og bytur. I år lurer eg på om vi skal bruke litt tid på kjøkenet, kanskje vi kan lage bollar etc. Det hadde vore kjekt, og godt;) Eller kjedeleg, når det er gutar i 15-16-årsalderen som skal delta.

Eg treng kanskje nokre gode idear!

Problemet er at det gjerne kostar ein del når ein skal gjere noko kjekt, og vi har ikkje tilgang til noko budsjett å skryte av.... Eg syns ikkje det er stas å bruke for mykje av mine pengar på aktivitetane, og gutane har ikkje meir pengar enn at dei treng dei til meir "nødvendige" ting.

Om det skjer eit mirakel og vert sol og sommar, er det jo lett å ta dei med på ulike strender. Men eg trur ikkje på slike mirakel lenger.

No er eg berre veldig glad for at eg skal til Tyrkia på sommarferie, det gjer at det er litt mindre deprimerande med regn og ruskever.

1 kommentar:

Greta sa...

det er nødt å bli sommer her og. Tror fortsatt at den kjem ca 17. juni. Eg skal ikkje til det varme utland i sommer og klarer ikkje tanken på å gå imøte ein vinter uten sol og varme. Så da må det verte fint her.
Dermed så tor eg at du får det enkelt med å finne på ting saman med invandrer gutta.Lykke til klem