Nydeleg med litt søte saker, inkludert Melkerull:) Og så to fint innepakka gåver, eg måtte knipse før eg opna dei!
Gjett om eg er fornøgd med min hemmelige sommarvenn!! Dette er midt i blinken! Eg er stor fan av Tynn Alpakka, og fargekombinasjonane er lekre. Faerytale trur eg ikkje at eg har strikka av før, men det kjennes deilig ut.
Og så eit nøste Arwetta Classic, eg er overbegeistra! Nydeleg farge, og ferdig nøsta opp:)
Her er det berre å sette i gang! Men eg veit ikkje enno kva eg skal lage... Det kjem etterkvart!
Enn så lenge veit eg ikkje kven du er, men eg får sende ein stor takk til min hemmelige sommarvenn uansett:)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar