tirsdag 26. juli 2011

Prematurstrikk igjen



Det var ikkje store strikkeprosjekt på ferieturen, men bittesmå prosjekt er fint av og til. På dagtid var det for varmt og klamt til å strikke, men på kveldstid, derimot, då var det kjekt å strikke litt.
På altanen kunne eg få sol på beina medan resten av meg var i skuggen, og det passa flott:)

Det vart eit skråstrikka babyteppe, og eit par bittesmå sokkar, og ei lue av restegarn. No er både desse tinga og luene frå tidlegare vaska og klare til å sendast til prematuravdelinga i Ålesund.

2 kommentarer:

Greta sa...

Det er ikkje verst. Vere på ferie og samtidig strikke til prematuravdelinga. det står det respekt av.
Ha ein fantastsik dag. Stor klem

Ingrid sa...

Flott tiltak =) Strikker litt til NFI Haukeland innimellom =)