Eg kan likevel nemne at vi i år leigde bil ein dag, og køyrde til Dim-elva, der vi åt lunsj, faktisk på elva. Dei har bygd opp restaurantar langs elvekanten, og gjestane sit i båsar ute i elva. Vi sit tørt, på puter rundt lave bord, men det er fort gjort å vasse ein tur i det kalde elvevatnet om ein ynskjer det. Det var for kaldt til at eg ville ha bada der!
Etter lunsjen besøkte vi Dim-grotta. Den er stor! 350 meter innover i fjellet, og eit flott skue med dryppsteinsformasjonar.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar