torsdag 28. juli 2011

Boksommar


Det er ei "ny" oppleving å ha god tid til å lese bøker på sommarferie. Eg har alltid vore glad i å lese, og då eg var lita las eg heile tida... Men etter at eg fekk born, og brukar meir ledig tid på strikking, har det blitt lite tid til bøker.

I Tyrkia-kofferten tok eg med meg ei krimbok, og tenkte at det ville halde ei god stund. Men eg las 5 bøker i løpet av dei to vekene i Tyrkia:) Sidan det er foreldra mine si leiligheit, og det stort sett er familie som er der, har vi gjerne sett igjen bøker etter at vi har lese dei. No var eg heldig og fann mange aktuelle bøker i minibiblioteket der.


Det er vel nesten flaut å vere så treg med å lese Hotellet på hjørnet av bitter og søt. Den vart lest kjapt, det var ei bok det var vanskeleg å legge frå seg. Har du ikkje lese den før, kan du gjerne gjere det! I tillegg vil eg reklamere sterkt for Drømmehjerte av Cecilia Samartin. Den er nydeleg, og eg tørka tårene mot slutten. Les denne!!

Siste dagen tok eg med meg Alkymisten til bassengkanten, og den var også verdt å lese.




Posted by Picasa

3 kommentarer:

Kristine sa...

Gode bøke! Eg også blei så glad i "Drømmehjerte" og eg kan love deg at tårene rant her også...
Den Håkan Nesser boka, var den bra? Eg har den + et par andre av han i hylla mi, men har ikkje lest dei enda. :-))

Anlen sa...

Håkan Nesser var ei ny erfaring, men eg syns den var ganske bra:) Litt sånn at det er vanskeleg å sjå løysinga, og litt vanskeleg å legge frå seg....

Kristine sa...

Hmm.. Spørs om eg må legge han lenger fram i "må lese"-bunken då! :))