onsdag 24. august 2011

Herleg dag med uteaktivitet!


Overdose av frisk luft? Eg trur eg var der i går... På skulen fekk eg vere med 2.klasse til skogen nokre timar, og etterpå var vi ute på skuleplassen og leika meir. Berre i løpet av skuledagen vart det slik mykje meir uteliv enn det brukar å vere;)

Og etter jobb var eg berre heime ein liten sving, for å gjere klart til neste aktivitet. Fotball-laget til Prinsessa hadde "oppstartfeiring" no i staden for sommaravslutning, for veret var ikkje på vår side i juni. Så medan jentene trena, fyrte eg opp eit digert bål i grua ved skulen. Då dei kom, var vi klare med grillpinnar, pølser med brød, saft og marshmallows:)

Det vart ei flott stund, og både sysken og mange av foreldra var der saman med oss.

Eigentleg like greitt å ikkje ha all slik aktivitet i juni og desember.... Det er kjekkare å fordele litt!

Ingen kommentarer: