søndag 21. august 2011

Skogens gull:)

Eg er så heldig at eg har ein svoger som har fått dilla på soppturar:) I dag vart vi med, og gjett om det vart storfangst! Vi var jo mange hender som plukka, men minstemor var vel ikkje heilt å stole på. Eg plukka ut att eit par som heilt garantert hadde gitt oss mageproblem, og kanskje meir på kjøpet....
På førehand sa eg at korga mi var altfor stor.... Men det vart nesten fullt! Svoger T og systra mi hadde like mykje med seg heim:) Eg har aldri før plukka sopp på skikkeleg, men dette kjem eg til å prøve igjen! Men det tek ganske mykje tid å rense og forvelle så store mengder kantarell.... Veret var fint då vi gjekk, men det regna skikkeleg på slutten. Neste gong skal det vere godt ver heile tida, og vi skal rense meir undervegs. Trur eg.Det eg har på bordet, er berre vel halvparten! Korga er framleis ikkje tom på dette biletet.

Kveldsmaten i dag vart brød med smør og steikt kantarell. Nydeleg!!

5 kommentarer:

Greta sa...

Ser godt ut. har aldri plukka sopp, men liker godt å spise champignon. Det er vel den einaste soppen eg veit at eg har smakt. ikkje bevandra der nei. Såg godt ut ja

Hilde sa...

Elsker sopp, men har aldri plukket selv. Har bestandig hatt lyst å dra på sopptur.
Kos deg med fangsten.....og været blir sikkert bra neste gang :-)

Vibekes lille ullne sa...

Det var mye kantareller! Skikkelig storfangst, det er kjempemoro å gå på sopptur og finne så mye. Nesten som skattejakt synes jeg :)

Ikke fullt så moro å rense og forvelle, men det blir masse god sopp utover vinteren av dette :)

mimouna sa...

Så gøy å finne så mye. Jeg liker sopp men tør ikke plukke selv, synes det er litt for skummelt.

Margrethe sa...

Å, jeg er misunnelig! Er vokst opp med soppturer, men det har blitt lite av det etter jeg flyttet hjemmefra.