tirsdag 2. august 2011

Topp til Prinsessa mi


Månadens utfordring på Hobbyboden var å strikke ein vest eller tunika. Eg er ikkje sikker på om dette kan vere ein tunika, den er ikkje så veldig lang. Men det er ein vest:) Prinsessa kallar den for ein topp, så då får den heite det.

Garnet er blålilla Angora-Tweed frå Drops. Det er fryktelig som det røytar, eg vaska toppen i eit forsøk på å få vekk det meste av overskotet. No er det for varmt for slike plagg, og det stikk nok ein liten smule. Eg reknar med at dette blir eit plagg for hausten, med ein tynn gensar under.

Oppskrift har eg ikkje. Eg la opp eit passe antal masker, strikka rundt til det var passe langt, og så felte eg av. Deretter hekla eg stavar rundt eit par omgongar, og felte inn litt på vidda samtidig. Så laga eg hol til armane, og heldt fram med å hekle nokre omgongar til. Easy-peasy. Eg kan nemne at eg felte ei maske (hoppa over ein stav) i kvart "hjørne" av armehola, kvar omgong. Slik fekk eg forma toppen litt, og det likna bittelitt på ei raglanfelling. Men ok, mest av alt er det rundfelling, i og med at eg felte litt på dei siste omgongane.

Dersom du syns det er vanskeleg å sjå, kan du klikke på biletet, så blir det litt større på skjermen din:)

2 kommentarer:

Silje sa...

Den vesten/toppen var kjempe fin!! Likte den heklede toppdelen veldig godt.

Stine sa...

Nydelig topp!!!!!