søndag 18. september 2011

Babyjakke i eksklusivt garn;)

Eg har meldt meg på utfordringar på Hobbyboden med vekslande hell;) Men denne er ikkje så dum. Kvar månad blir vi utfordra til å strikke noko relativt bestemt. I september skulle det vere ei jakke. Om eg skal bli ferdig med ei jakke i løpet av ein månad må det vere ei lita jakke...


Tenk så praktisk at eg har tenkt på å strikke noko til ein liten gut. Dette vart sparket bak! Eg treng slike små spark av og til.

Eg har verdas hyggelegaste garnbutikk i bygda, og då eg gjekk der og kika, sikla eg over eit deilig garn. Sandnes Kashmir Alpakka, tjukt og mjukt.
Butikkeigaren fortalde at dersom eg ville ha den fargen, kunne eg få det til halv pris, sidan fargen går ut! Snakk om flaks:) For eg syns garnet var utrulig deilig, men litt i overkant dyrt. Godt over 70 kroner for eit nøste... Halv pris er ein god deal!

Mønsteret fann eg litt tilfeldig på drops sine sider, og eg syntes umiddelbart det såg enkelt ut. Eg las ikkje så nøye, men eg la merke til at det stod "Ermsømløs" på oppskrifta. Det kan vi like. http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=b18&d_id=17&lang=no Her er linken. Men syns du at det er ermsømløst når eg må sy saman BÅDE PÅ OVERSIDA OG UNDERSIDA av ermene?? Eg må innrømme at eg aldri hadde valt denne oppskrifta om eg hadde lese litt meir nøye.

Enno har eg ikkje sydd i knappar, det må bli eit besøk på butikken fyrst.

5 kommentarer:

trinemamma sa...

Flott jakke, og nydelig garn. Men jeg synes som deg at det var mye søm på oppskriften. Du hadde fått veldig fin søm :-)

Tove sa...

Ermsømløs, nemlig! For meg virker det som om det var dobbelt så mye ermsøm, så forstår irritasjonen. Men når det er sagt ble den superfin! Og garnet har jeg tafset på og var deeeeilig, så det barnet som ifører seg denne er heldig! :-)

solveig sa...

Når ein skal sy saman på skuldrene, synest eg det er lettare å strikke saman. Det vert mykje finare også.
Nydeleg farge, forstår ikkje at den skal gå ut!

Annika sa...

Så fin den blei, og som Solveig skriv, nydlig farge! Blir ein glad mottakar av denne tenker eg!

Greta sa...

Det vart ikkje akkurat ermsømløs da nei. Men jakka vart fin den. det er nok veldig lurt å lese oppskriftene både ein og to ganger før ein setter igang. Men slurver eg og med det.
flott farge. Skjønner ikkje at den skal gå ut, men du hadde flaks med den. Ha ei fin uke