tirsdag 27. september 2011

London!

Eg er salig:) Vi har hatt ei herleg langhelg i London, minstesystra mi og eg ilag med mennene våre. Jentene fekk vere heime, eit par overnattingar hos farmor/farfar og eit par hos mormor/morfar. Dei har hatt det supert her, og vi har hatt det supert der. Kan det bli betre?

Norwegian flyg direkte frå Ålesund til London (Gatwick), og turen var akkurat passe lang. Avreise tiiidleg laurdag morgon, slik at vi hadde heile dagen i London, og så heimreise i dag, tirsdag formiddag, slik at vi kom heim i tide til middag:)

Skal eg ta ei kjapp oppsummering, kanskje? Vi opna med Madame Tussauds, og det var vel verdt pengane:) Vi betalte oss forbi køa, det angra vi ikkje verken eit øre eller minutt på. Det var lang kø både på "vanleg" inngang og for dei som hadde kjøpt billett på førehand. Vi hadde fått eit tips, og spurte ei av vaktene om råd. Jauda, det var berre å runde hjørnet, betale 5 pund ekstra, og gå rett inn. Gubben min kommenterte tørt at det er lite fristande å stå i kø i to timar for ein timepris på 25 kroner...

Mange kjendisar å sjå her, og nokre eg ikkje hadde peiling på... Og så avslutta seansen med ein kul 4D-film.


Vi budde på eit fint hotell, Melia White House, og vi vart veldig gode på å ta oss fram på undergrunnen. Men det er jo finare over bakken, da...

Det vart fleire runder med vandring i byen, i ulike strøk. Vi kom til at vi må ha meir til til Camden Market neste gong vi besøker London. Det var eit område vi berre rakk å snuse på, og det var fristande å sjå meir der! Og kanalbåtane til Camden prioriterte vi ikkje, men det kan eg gjerne tenke meg ein annan gong.

London er synonymt med musical for mange, og vi bestilte billettar til Løvenes Konge. Det var ei fantastisk oppleving! Musikken, kostymene, scenen, det var ei imponerende framsyning.
Der var det naturlegvis ikkje lov å ta bilete, så du får heller bestille sjølv;)


Når ein er turist i London er det greitt å sjå litt av byen, og vi tok ei runde med sightseeing-buss for å dekke det viktigaste. Det er mogleg å hoppe av og på slik ein vil, men vi sat roleg mesteparten av turen. Og så delte vi oss. Gutta gjekk på krigsmuseum og jentene gjekk på shopping. Hamley`s er verdas største leikebutikk, 7 etasjer! I kvar etasje finn ein ulike typer leiker, ein etasje er stort sett fylt med bamsar, ein har ulike spel, ein har "jenteleiker" og ein har "guteleiker", og så heldigvis nokre etasjer til....

Og ein fin tur inneheld helst også god mat:) Det vart det mykje av. Vi åt på libanesisk restaurant i Soho, kinesisk i Chinatown (ja, det er også i Soho...) og på karibisk restaurant nær Waterloo station. Det er morsomt å prøve nye ting, og det gjorde vi!
Eg håper at det blir fleire turar til London, for det er mykje å sjå og gjere i den byen;)

1 kommentar:

Dagny sa...

my oh my! I want to go back!