I år det Hareidsstemne nr 50, det er ikkje verst, kva? Innhaldet har nok endra seg ein smule gjennom åra, og det som i starten var ei feiring av korsongen i bygda, har vakse seg langt større. No er det vanleg med ein storkonsert med aktørar som er kjende både innanlands og gjerne utanlands. Fredag kjem Sissel Kyrkjebø, men fram til den konserten skal vi ha med oss mykje anna.
Eg er høgt oppe etter å ha vore med på å framføre bestillingsverket i dag. Det var lokale diktarar som leverte tekstene, komponisten er utflytta sambygding, og i tillegg hadde vi gleda av å nyte operasolistane Charlotte Fongen og Magne Fremmerlid.
Det var ein fantastisk kveld, og resten av veka blir det meir:)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar