søndag 16. oktober 2011

Prinsesse på vift

Eg har vore superheldig:) Prinsesse for ein kveld! Rett nok var det 10 andre prinsesser til stades, men det var ingen som hadde så langt prinsessehår som meg;)

Ei kollegavenninne har flytta og inviterte til innflyttings-prinsesseparty.

Her i huset er det ikkje mora som har høgast prinsessefaktor sånn til vanleg, men eg har fått med meg at det skal vere lang kjole, høge hælar og langt hår. Minstejenta sin kommentar er alltid at eg ikkje kan vere prinsesse, for eg har kort og mørkt hår. Slik kan ein ikkje verte prinsesse.... Heldigvis er det mogleg å låne sko med høge hælar, og lang kjole fann eg visst i skapet, og bakerst i skapet låg parykken eg brukte på karneval for nokre år sidan. Det var morsomt å vere blondine for nokre timar!


No er det fare for at ikkje alle blogglesarane veit korleis eg brukar å sjå ut, men de får tru meg: Det er ikkje akkurat slik;)

3 kommentarer:

Bøllemamma sa...

Deilig å væte litt prinsesse, og jeg syns du ser ganske så kongelig ut :)

Annika sa...

Hehehe, må berre flire. Såg bilde på facebook også, såg ikkje det va dej me det same, men du va rett fjonge og fine :)

Anonym sa...

Milde Madonna!
Viss du møter fram slik på korøving, konverterar eg til alt.

BenteJohanne