fredag 21. oktober 2011

Fantastisk konsert:)


Sissel Kyrkjebø er ei dame med lang fartstid. Denne helga hadde ho teke turen til vesle Hareid, og det slo an. Minst 1000 tilhøyrarar var på plass, og eg stilte med begge jentene på slep;) Gubben og eg var enige om at dette var ein konsert vi gjerne ville ha med oss, og barnevaktene hadde store planar om å vere på same konserten. Dermed fekk dei to små vere med, utstyrte med drikke og godteri. Minstemor sovna mot slutten, då var det litt for seint for henne....

Det vart eit fryktelig ver ute i kveld, så ho våkna då ho kom ut i vinden. Før ho slokna i senga si, sa ho at ho likte veldig godt då Sissel song Velkommen hjem. Det er eg enig med henne i, det er ein nydeleg song! Og eg kan gjerne dedikere den til Musikanten min. Vi saknar deg!

1 kommentar:

Brit Strikkenerd sa...

Heldige dere, Sissel er absolutt verdt å få med seg:)