søndag 23. oktober 2011

For ei helg!!



Dette har vore litt av ei helg!

Fredag var vi på konsert med Sissel Kyrkjebø. Laurdag var eg på stemnefest, ei 4 timar lang kulturmønstring av store dimensjonar. Og i dag song vi på festgudsteneste, før eg gjekk med innsamlingsbøsse for tv-aksjonen.

Stemnefest? Pussige greier, kanskje? Ikkje her:) Det er den femtiande gongen, faktisk. 50årsjubileum er vel verdt ei skikkeleg markering. Omtrent 700-800 menneske samla!
No er det ikkje uvanleg at det er mykje godt program på Hareidsstemna, det må eg seie. Det har vore ein presentasjon av både lokale og nasjonale storheiter.

Vi kan nemne Strings Unlimited, Ytre Suløen Jazzensemble, festtale ved pensjonert biskop Gunnar Stålsett, ballett, solosong, 5 kor, skuleelevar med nydeleg song... Og så ein god matpause med muligheit til å skravle med andre.

Sunnmørsposten har laga ei bildeserie frå festen. Eg har ei utfordring: Gjett kva kor eg er med i? (du ser kanskje at eg og systra mi har bunad...)

Dersom du ikkje veit kva Strings Unlimited driv med, kan du få ein snutt her:)


1 kommentar:

Brit Strikkenerd sa...

Sikkelig stormønstring skjønner jeg:) Mange store navn måtte jo gjøre dette til ei flott oppleving:)