mandag 24. oktober 2011

Knekkebrød med noko attåt


Eg har laga ein del knekkebrød, men jentene mine likar kjøpte knekkebrød betre, særleg Havre. Dermed har eg hatt ein jamn sirkulasjon av knekkebrød i kjøkenskapet.

Overraskinga var stor då eg oppdaga at eg hadde fått meir enn eg hadde betalt for....

For nokre veker sidan skulle eg servere knekkebrød med smør til minstemor. Eg såg at det var noko rusk på eine hjørnet, men tenkte ikkje over det med det same. Då eg skulle legge knekkebrødet på fatet, såg eg at det var noko som bevega seg der! Det var ein larve, og den andre kom rett bak! To brune, tynne, centimeterlange larvar, på eit knekkebrød eg skulle til å servere. Eg treng vel ikkje å forklare kvifor eg kasta alt i søpla med det same...

Men eg rakk å sjå at det var ein spindelvevklase mellom eit par knekkebrød i pakken, og der såg eg noko eg trur kan vere ein puppe.

Vi et så mykje knekkebrød at dei aldri blir gamle her, og dette var ein nesten nyopna pakke. Eg sende difor mail til Wasa, for å fortelle om kva eg fann.

Etter eit par dagar fekk eg svar, og dei beklaga hendelsen utan å ta noko ansvar. Det kan ikkje vere hos dei problemet ligg, seier dei. Jaja, det er ikkje hos meg heller... Som plaster på såret, lova dei å sende ein pakke med litt forskjellig.

No fekk eg ein hyggeleg pakke med fleire pakkar knekkebrød, og ei boks til å oppbevare knekkebrød i. Det har eg frå før, men eg kan godt ha plass til fleire:)

3 kommentarer:

Brit Strikkenerd sa...

Hæslig opplevelse!!!! Godt du fikk forundringspakke tilbake som plaster på såret:)

Jane sa...

Fy føj da! Tør man mon spise knækbrød igen nu? Jeg har ellers lige købt 3 pakker Wasa Frukost i dag :-/

Greta sa...

Hei på deg. Sitter her å fryser på ryggen over innlegget ditt. det må ha vore ein ganske så ekkel opplevelse. trur eg hadde vore skeptisk til kjøpe knekkebrød ei stund etter dette. Typisk at produsenten ikkje tok ansvar. fint at dei sendte eit lite plaster på såret da. Det er vel eit liten innrømmelse det og. Ha ei larve fri uke :0)