onsdag 26. oktober 2011

Vaffelhjarte


Eg er litt forelska:) Det er så fantastisk å sjå tv-serien Vaffelhjarte på fredagskveldane. Eg gler meg til kvar fredag, og det same gjer jentene mine. No har vi heldigvis muligheit til å ta opp seriar på tv, så om det skulle vere ein gong det verkeleg krasjar, er det ikkje krise. Og i tillegg har eg ein sjanse til å sjå episodene meir enn ein gong. Det er ikkje ofte eg gidd å sjå barne-tv meir enn nødvendig!!

No har eg supplert bileta med ein annan helt frå barne-tv. Wilhelm Støylen var på Hareid i helga, og eg knipsa han ilag med læraren Ellisiv som dukkar opp i neste episode av Vaffelhjarte. Ho spelar seg sjølv;) Ellisiv er frå Hareid, og Wilhelm er frå Herøy, der innspelinga av Vaffelhjarte vart gjort.
Om du skulle ha hoppa over Vaffelhjarte, må du nok skjerpe deg neste fredag.
Eg elskar kommentaren frå Trille til Lena: "Du kan godt få hjertet mitt, viss du vil." Rett nok snakka han om vafler akkurat då, men det ligg sååå mykje meir i kommentaren!
-sukk-

3 kommentarer:

Annika sa...

Så koslig bilde :) Er nok litt forelska eg også, fantastisk serie! Har alt tjuvkika på episode tre på nett-tv! Herlige Ellisiv! :D


Må rette deg på Wilhelm då, han er nok frå Sande og Kvamsøya, men pytt ;)

Anlen sa...

Uff, det er sjølvsagt sant, Annika! Eg tenkte ikkje ferdig då eg skreiv.... Veit jo at han er frå Kvamsøya, eigentleg;)No er bloggen og pc-en ikkje enige, så eg har store problem med å rette opp feil, så det får heller vere slik! Vranglære....

mimouna sa...

Kjekt med gode, norske serier. Jeg har dessverre en femåring som slår av TV-en når den starter, han er kanskje litt for liten. Får smug-se den på nett-TV alene da.

Ønsker deg en god helg.