lørdag 29. oktober 2011

Hemmelig uvenn-kjole

Eg var så heldig at eg fekk ein stor og innhaldsrik pakke full av det verste garnet ei anna strikkedame hadde i hus. Det var store mengder akryl der, ja...
Mykje av garnet er teke med til skulen der eg jobbar, og no er det 2a som lagar vev med det garnet som materiale;)
Men minstemor syntes at noko av garnet var såååå lekkert, mellom anna dette: fluffy, lett glitrande i ein melert rosalillakvit farge. Det var utan mageband, så eg veit ikkje kva det er, men det er i alle fall kunststoff...
Eg kom til at eg måtte lage noko av det, så eg leita litt i skuffene og fann to nøster lilla Sterk som passa i fargen. No har det blitt ein kjole til minstemor:)

1 kommentar:

Greta sa...

Stilig. :0). sånne små frøkener liker sånn flyffy greier. Den vart jo lekker da. Spennde når den vert vaska og sjå, men det går sikkert greit. Ha ein fin søndag.