fredag 7. oktober 2011

Misti-hals

Eg har fått ei lita dille, eg strikkar halsar. Eller kragar, om du vil.
Det går nok over etterkvart, men no har eg i alle fall laga ein hals med ribbestrikk og litt element av fletter. Oppskrifta fins ikkje, berre i hovudet mitt. Men det er jo ikkje stor kunst heller...
 

Eg hadde tre nøste med Misti, kjøpt utan konkrete planar. No er det blitt eit varmt og mjukt "plagg" av det. Eg veit ikkje kven som kjem til å ende opp med dette, kanskje skal eg ta med litt småtteri til jobb og sjå om nokon har behov for noko av det eg har liggande? Ein kollega har teke med seg eit par kasser med tjukkelestar og tøfler, og eg kan sjølvsagt ta med litt av det eg har:) Om eg får nokre kroner for det, er det jo hyggeleg, så har eg litt å handle meir garn for;)

Posted by Picasa

6 kommentarer:

Annika sa...

Lekker!! Du trylla stadig vekk fram flotte ting also! :)

Sidselsidserk sa...

Så varm og god ut. I dag var det kun 4 grader her hos oss og det er helt klart tid for arme klær. Gratulerer med vel overstått 5 års dag;)

Tonemi sa...

åååå, den så deilig ut...Jeg har ikke starta med denne hals dillen ennå ,men den kommer sigende kjenner jeg:)

Lene - The knitting needle sa...

Så fin hals, den så kjempe god ut:)

Greta sa...

Den såg mjuk og god ut. Likte du å strikke med det garnet. Eg skal snart til på eit stort prosjekt med det garnet.
Ha ei fin ny uke

strikkedilla sa...

Nydelig hals. Så veldig god ut.