søndag 9. oktober 2011

Varme til toppen


No er det slutt på haustferien i regionen. Vi har ikkje vore på noko tur, men eg har fått med meg at det har vore snøkaos på vegane både her og der. Jammen godt at vi har vore heime, tenkte eg... Sist helg var det kjempevarmt, fleire stadar var det over 20 grader, så det er ikkje så rart at folk ikkje tenkte på vinterdekk om dei reiste på haustferie då!

Etter den varmen vart det meir regn igjen, så no er blomsterbedet mitt nesten ei rismark. Dersom eg slenger ut litt ris, kan eg sikkert hauste ris der snart?

Jaja, når det går mot vinter, er det kjekt med varme luer og denslags. Her er eit strikka panneband, strikka i dobbel Sterk. Eg strikka til det var passe langt, og sydde saman i endane. Enkelt og greitt:)
Og så vart resten av Sterk-garnet til ei enkel hekla lue. Den er ikkje stor nok til meg, men så er eg stor i hovudet også... På lua starta eg på toppen, hekla stavar rundt og rundt, og auka litt av og til... Det vart ganske bra. Fordelen med å hekle slik, er jo at det er lett å rekke opp att ei runde eller to om det er behov for det!

6 kommentarer:

Brit sa...

Flott strikk:) Det begynner absolutt å bli behov for varmere plagg, plutselig kom høsten og varsel om vinter..Liker ikke:(

Margrethe sa...

For et nydelig pannebånd! Og så den flotte fargen da!
Smart måte å hekle lue på. Så kan man lettere tilpasse den formen på hodet som skal bære den også.

Greta sa...

God morgen. Det var flotte farger på pannebånd og lue. Veldig fin det med fletter. godt og varmt er det også. Ha ei flott høstuke

Liv sa...

Flotte varme plagg. Fargen er den aller beste:)
Det er på høy tid å begynne med slike plagg nå, kjente det var kjølig i kjakane på kveldsturen nå nettopp.

Får håpe strikkelysta kjem over meg igjen:)

Smått og stort sa...

Nydelig farge og flotte hodeplagg! Sterk- det garnet har jeg ikke hørt om... hvem har det garnet tro?

Tove sa...

Flotte farger på strikkeproduktene. Elsker denne turkis fargen.