fredag 11. november 2011

Nydeleg haust!


Det er nesten ikkje til å tru, men det er fantastisk ver for tida! No er det slik vi drøymer om, litt kaldt, men klart og fint. Det er nydelege fargar å sjå både om morgonen og om kvelden, og vi hugsar godt korleis det kan vere... I fjor var det kjempekaldt i november, og snøen kom tidleg. Eg håper det ikkje vert ein like lang og kald vinter som vi har hatt dei siste to åra.
Vi har kanskje fortent å få ein mildare vinter i år? Men eg kan jo alltids strikke meir varme klede....

1 kommentar:

Judit sa...

Nydelige farger. Det har vore et par fine dager her også denne veka, men i dag er det berre novembergrått.

Ha en strålende helg!