onsdag 16. november 2011

Puffen har fått nytt liv;)



Det er rart med strikkating, dei har ein tendens til å sige litt utover... Og når ein sit på dei, vert dei litt flate;) No var puffen min ganske flat og uformeleg, så eg vurderte å kaste den. Men eg kom til at det var greitt å gje den ein sjanse til. Dermed vart den spretta opp, vaska i alle sine ulike delar, og sydd saman i litt mindre storleik. Det var ei stund slik at eg trudde eg måtte gje opp å få snurpa den saman, men med litt tolmod og mykje styrke gjekk det!

Denne typen puff (oppskrift frå Pickles) er strikka i eit langt rektangel, og sydd saman i kortsidene. No sydde eg den saman minst 30 cm inn frå eine enden, og det gav god effekt. Eg håper den held på fasongen litt lenger denne gongen! Her kan du finne det opprinnelege blogginnlegget om puffen:)

Inni har eg to dyner og to puter, pluss eit stretchlaken som er farga mørk raudt.

2 kommentarer:

Vibekes lille ullne sa...

Det var ikke verst å ta en så omfattende reprasjon. Akkurat det synes jeg er kjedelig. Har en genser her som er for kort og skal strikkes lengre. Fryktelig tungt å komme igang. Håper puffen holder litt lenger nå, for fin er den! :)

Bøllemamma sa...

Det må ha vært litt av et arbeid, både å lage og nå å vaske og reparere. Du er god!