onsdag 2. november 2011

White Snowflake

Eg må vise fram den søte perserkattungen til svogeren min! Han og madammen henta katten nyleg, og på vegen heim stoppa dei her. Det er ein svært sjarmerande liten katt, eg kunne nesten tenkt meg ein slik.
Samtidig er eg svært fornøgd med den litt late, litt tjukke og kastrerte Tigeren vår. Han klatrar ikkje i gardinene, akkurat, og det er heilt ok. Kanskje er det lov å bli litt lat når han er 9 år?

2 kommentarer:

Unknown sa...

Søt pus =) Kan du forresten fortelle mine to på 10 år at det er på tide å ta livet med ro? =)

Annika sa...

For ein skjønning! Men det er herleg med ein lat Tiger også :)