mandag 26. desember 2011

Juleglimt


Eg har ny rekord i juletre i år! Mennene i huset var i skogen og henta tre (no har dei fleste trea der lagt seg etter stormen, forresten!) og eg sette det inn, pynta og herja. Det er digert, og faktisk ganske fint;)

Sidan eg såg at treet var stort, kjøpte eg fleire lyslenker, og då kan treet gjerne vere stort. Dei siste åra har eg hatt lyst på meir lys, men det har berre ikkje blitt handla.

Elles må eg vise fram dei nydelege jentene mine i nye kjolar. Det er mammajonsson som syr, og mormora til jentene mine bestilte og betalte;)


1 kommentar:

R-15 sa...

Ooooj, den rosa FRøya-kjolen likte jeg spesielt godt da, siden vi bor på Frøya ;)) Fine julejenter!! :))