mandag 26. desember 2011

Spennande, stormfull jul:)



Det er spennande med litt ver. Og no har vi hatt nok for ei stund. Stormen Berit var her for ein månad sidan, og no var det Dagmar som kom på besøk. Vi var for så vidt klar, men det er ikkje godt å vite kva desse damene finn på alltid.

Kvart år er det tradisjon i familien at vi et julebrunsj hos svigerforeldra mine. Der samlast alle, og det er stor stas. Utpå dagen vart det meir og meir vind, og etterkvart gjekk straumen. Vi åt dessert i lyset frå mange stearinlys, og så fann vi ut at det var tryggast å bevege seg heim for å sjå at alt gjekk bra der.

Den eine kanina har eit litt lett og ustabilt bur, og vi var redde for at det kunne velte i vindkasta, så vi bad dei kjekke svogerane mine om å ta det inn i garasjen. Det gjorde dei, men samtidig oppdaga dei at det var meir på gang. Taket på traktorgarasjen var i ferd med å løsne, og etterkvart tok det seg ein tur på eiga hand. Heldigvis klarte karane å hente inn att bølgeblekkplatene... Resten av taket vart forankra i traktoren;)

Jentene ville gjerne sove i samme seng i natt. Vi prøvde å legge begge i senga til Prinsessa, men då var stormen på det verste, og det rista godt i huset. Så rimeleg kjapt vart dei overflytta til senga vår, der er det plass til alle fire i slike høve. På den sida av huset var det mykje rolegare, og dei sov ganske godt. Litt skummelt er det jo, særleg når ein ligg på loftet og høyrer at taksteinane singlar nedover taket.... Pipehatten vår er borte vekk, så no er det presenning over pipa og fyringsforbod. Jammen godt at straumen kom tilbake i dag tidleg, elles hadde det blitt kjølig her!

Etter nyttårsorkanen i 1991/92 var det reine valfartinga for å sjå kva herjingar som hadde vore. I dag tok vi ein liten tur. Det ser ut til at det meste har gått bra, det manglar ein del takstein, og mange store og små tre har teke kveld. Eg måtte snu då eg møtte eit tre tvers over vegen på Eidet. Eg såg også ein del lyktestolpar som heng i ledningane... Det er vel berre rettferdig, no har stolpane teke ansvar og heldt på plass ledningane i mange år, så no kan dei bytte litt på!

Elles er eg no ganske fornøgd med at eg ikkje vaska vindua ute før jul. Eg har aldri sett vindu som er så fulle av salt! Og dette saltet kom med vinden, det er over ei mil til saltvatn den vegen. No regnar det igjen, så det vert vel vaska vekk på nokre av vindua i alle fall:)

2 kommentarer:

Bøllemamma sa...

Å herlighet så masse æksjen dere har hatt! Lurt å samle alle i en seng på en sånn natt :) Her er det litt stillere i dag og så venter vi mer uvær utover kvelden og i morra, men på langt nær sånne tilstander som dere har hatt. Saltvann bært ei mil avgårde, jammen imponerende!

Fortsatt god jul i huset :)

Sisselshverdag sa...

Godt det har gått bra med dere, måtte ta en telefon hjem og høre hvordan det sto til :D

Vi har hatt besøk av Dagmar her på østlandet også, ho tok strømmen vår i 13-14 timer.

Ha en koselig romjul :D