onsdag 14. desember 2011

Juleverkstad:)

I dag har eg ein fin dag! Det er juleverkstad på ungdomsskulen, og før lunsj stod eg ilag med nokre andre og rørte i grautgrytene. Enkel og grei jobb, ja... Skal vel innrømme at det var bittelitt kjedeleg etterkvart, men det vart god graut! Og ingen av dei store grytene vart svidde:)

Etter lunsj er det nye grupper, elevane har meldt seg på ulike aktivitetar og alle byttar midt på dag. Så no sit eg ved ein pc, ved sidan av elevar som skal lage julekort på pc. Medan elevane arbeider, høyrer vi (og dei) julemusikk og skravlar. Det er ikkje så dumt, dette her....

Eg kunne gjerne vore på ei av dei andre gruppene, for eksempel dei som lagar marsipan, eller strikkar, eller er på sløyden. Noko av det mest populære er ballspel i hallen, eller styrketrening på Aktivsenteret. Gode alternativ for mange elevar:)

Eg vil gjerne dele litt av stemninga med dokke:

1 kommentar:

Unknown sa...

bra du likte julemusikken eg spelte ;)