torsdag 8. mars 2012

8.mars, Kvinnedagen!

Det er altså 8.mars i dag. Eg har ikkje gått i tog for å betre rettane til kvinner i innland eller utland, men burde kanskje ha gjort det. Her i Møre og Romsdal er det visst rekordstor skilnad på løna menn og kvinner får, kanskje fordi vi har eit relativt tradisjonelt arbeidsmarked? Det blir rein gjetting frå mi side, men eg trur at det er mange menn som arbeider i skipsindustrien i regionen som dreg avgarde med mykje løn. Mange av oss damene arbeider framleis i kommunen, og det må vel innrømmast at kommunal løn ikkje er allverden å skryte av... Samtidig er ikkje løn det viktigaste her i livet. Mange andre stadar i verda er det mykje som manglar på at kvinner skal ha eit godt liv. Det burde vi ha fokusert på!

På søre Sunnmøre har vi ein kar som brukar å pepre lokalavisene med innlegg. For ei tid sidan meinte herr Storeide at hybridbilar ikkje er vegen å gå for å hjelpe miljøet. Det er mykje smartare å gå tilbake til bilar som er så tunge på rattet at kvinner ikkje klarer å køyre dei. Slik vil damene bli heime, og ikkje farte rundt på jobb utanfor heimen.
I dag har han fått ei heil side i avisa, der han meiner at 8.mars er ein ulykkesdag:) Norske unge damer er ikkje dugande til så mykje, tydelegvis. Knapt nokon kan koke skikkeleg middag, berre taste på mobil og datamaskin. Det er vel ikkje så overraskande at han er ungkar og bur heime hos mamma...

Sunnmørsposten har heile intervjuet:)

Gratulerer med dagen, damer!

2 kommentarer:

Dagny sa...

Hahahaha ja vi fæ lære oss å koke sosakjøt og holde oss heime med strykejernet parat. Han bidrege no til mykje latter iallefall! Hadde ej vår mora hass hadde ej kasta na ut på dagen, so kunne han kosa sej me hermetikken sin :-)

mimouna sa...

Hehe, det finnes mange snodige typer rundt omkring. Ikke det smarteste å brette ut fordommene sine i lokalavisen kanskje, med mindre han går inn for å forbli evig ungkar.