tirsdag 20. mars 2012

Eg kjem til å klage meir;)

Det løner seg å klage. Og det løner seg å vere bevisst forbruker på andre måtar også. For eksempel å truge med å bytte leverandørar av forsikring, tele-tenester etc. Faktisk har mannen min nettopp gjort eit lite kupp, utan at han visste om det....
Eg sa opp bladet Villmarksliv, for det vart jo ikkje lest! Frekt gjort, for det var jo hans abonnement. Men han fekk jo telefon frå dei etter kort tid, med eit godt tilbod, om han berre ville verte abonnent igjen;) Om han ikkje opnar plasten rundt blada, kjem eg til å køyre ei reprise neste år...


Eg kjøpte nyleg ein pakke Eldorado rosiner. Ein dag eg var ute, opna mannen i huset pakken og gav nokre til gullungen, men ho likte dei ikkje. Eg reagerte på at dei var veldig våte, og prøvesmakte eit par rosiner. Det smakte meir som plommer i madeira;) Dei var rett og slett litt gjæra, og eg kom til at dette ikkje var det eg ville ha. Pakken vart pent pakka inn igjen, med eit handskrive brev, og sendt tilbake til produsenten.

Eg fekk brev frå dei ganske kjapt, med ei takk for at eg hadde teke kontakt, og ein beklagelse: rutinene hadde ikkje avdekt produksjonsfeil. Nokre dagar seinare fekk eg ein pakke:) Eit fint utval av Eldorado sine produkt. Sjokolade, makaroni, bokser og pakkar med diverse mat.
Flott for meg:)

1 kommentar:

Greta sa...

Hei hei. Det var ikkje verst. Eg er ikkje flink til å klage. Berre beklager meg men ikkje til rett adresse. Burde vore flinkare til det ja. Kjekt når ein får slike plaster på såret.
Ha ein flott dag