søndag 25. mars 2012

Livet er det beste vi har!


I dag har vi hatt ein fin dag på Sunnmøre. Det er vår i lufta, og vi blir litt gladare:)

Det var enda finare ver i går, men då såg eg det ikkje så godt.

Ein god kollega har kjempa tappert og med stor livslyst, men måtte gje tapt mot kreften om morgonen i går. Siv vart berre 46 år. Vi som har jobba ilag med Siv har sett at ho har vore sjuk, vi såg at ho hadde smerter, og vi har tenkt mange tunge tankar. Men Siv sjølv har vore ei oppkome av lys, optimisme og glede over livet. Heilt til starten av februar var ho på jobb, trass i at ho fekk tunge tilbakemeldingar frå legane. Ho nekta å vere sjuk, rett og slett.

Vi som kjente Siv sit att med sorg og sakn, men vi får hugse korleis ho var, og glede oss over det vi har delt ilag med henne.

I går var det mange tårer, både blant elevane hennar og kollegaene som samla seg på skulen for å vere saman i sorga. Siv var kontaktlærar for 7.klasse, og svært godt likt. Ho var eit sterkt konkurransemenneske, men denne siste kampen tapte ho til slutt.

For nokre veker sidan skreiv eg i dette innlegget at tårene kom lett for tida. Sidan det har eg jammen felt mange tårer også, for korsongarvennen Kåre som vart gravlagt for to veker sidan, og for Siv som skal gravleggast fyrstkomande fredag. Mange varme tankar til dei næraste!!



Takk for at eg har fått kjenne deg, Siv!

1 kommentar:

Greta sa...

Kondolerer med tapet av venner og kolega. Det er tungt når så unge folk går bort. Det går jo den vegen for oss alle, men det skal ikkje skje så fort. Ta vare på deg sjølv i denne tida. Klem