torsdag 29. mars 2012

Påskekyllingar IRL




Hareid barnehage er ein god barnehage, der gullungen min no er inne i sine siste månadar. Vi er så heldige at vi har dyktige, kjekke vaksne damer som arbeider der, og eit par foreldre med høner:) No har barnehagen fått låne nokre egg, og ei rugemaskin, "tilfeldig" plassert ut rett før påske. Borna har lært at egga skal rugast på i 21 dagar, og så kjem det forhåpentlegvis ut ein kylling av egget. I går hadde dei to fyrste kyllingane streva seg ut av egga, og i dag har dei fire neste blitt klekt. Borna er yre av begeistring, og eg må inn og sjå dei små mirakela kvar dag;)

Det er vel kanskje ein liten auke av større sysken som blir med for å hente barnehagesyskena også.... Ikkje så rart, for dei er såååå søte, desse små!

4 kommentarer:

solveig sa...

Herleg!Flott og lærerikt tiltak!

Greta sa...

sånt er kjekt å lese att dei tar seg tid til. Det er stor forskjell på ein god barnehage og ein oppbevaringsplass. finnes nok begge deler er eg redd. Bra att deres barnehageer ein god ein

Bundingen sa...

Så koselig med kyllinger i barnehagen! Det kan bare bli bra. Ikke rart at både voksne og storesøsken må inn og se på nøstene.

God påske ønskes deg!

mimouna sa...

Så koselig. Nærkontakt med levende dyr er noe helt spesielt, sikkert kjempespennende for barna å opplevde at kyllingene klekker.