fredag 20. april 2012

Snaaart bryllup!

Vi er ikkje stressa, vel? Systra mi skal gifte seg i morgon, og jentene mine skal vere brudepiker! Det vert heilt sikkert ein kjempedag:) Eg har ein del som skal gjerast før den tid, men det går vel bra, får eg tru... Bake kake,lage ein stor fruktsalat, time hos frisør for meg og to jenter, ordne litt småtteri i forbindelse med programmet, leite fram underhaldningsaktivitetar for borna om det skulle bli kjedeleg for dei, siste sjekk på kleda, og elles berre prøve å gle meg:) Lurer på om bruda er stressa....;)Og brudens mor.... Ho skal servere dei tilreisande gjestane brennsnut i kveld, og brunsj søndag. Heldigvis er det hotellet som ordnar maten på sjølve bryllupsdagen!

5 kommentarer:

R A N D I sa...

Hva er brennsnut??

Og, lykke til i morgen!! :))

solveig sa...

Lykke til!

Greta sa...

Lykke til. får vel skikkelig referat etterpå. berre to månader til eg skal gifte bort dattra :D

Anlen sa...

Hehe, eg tenkte ikkje på at det fins ikkje-sunnmøringar som les bloggen min;) Brennsnut er ei diger gryte med salt kjøtsuppe. Det er nokre som trur at det er omtrent trøndersodd, men det er det ikkje! I brennsnut finn du allslags gode grønsaker og helst restane av eit spekekjøt, fenalår. Det vert den beste krafta av slike fenalår!

Line Kristine sa...

Litt stress vil det vel alltid bli like før en sånn stor begivenhet. Håper dere får en kjempefin dag i morgen! :)