lørdag 14. april 2012

Mamma, eg vil ha slike!

Minstemora drog meg bort til hylla til ei anna jente i barnehagen i forgårs. Mamma, eg vil ha slike pulsvarmarar, sa ho. Og ho fann sjølv fram garn i korgene her, slik at alt skulle ligge til rette for rask produksjon. Då er det berre å strikke i veg, sjølvsagt:) Det er ikkje akkurat tidkrevande heller, og eg fekk brukt litt restegarn som eg har liggande for mykje av... Pulsvarmarane er superenkle, med hol til tommel som den einaste "utfordringa" i heile prosessen. Og dei vart ferdige i løpet av ei lita kveldsøkt, så dei låg klar på stovebordet til minstemor stod opp i dag:) Ho godkjende dei!

I tillegg har eg strikka eit par sokkar i eit sokkegarn frå Nille. Heilt ok garn, og eg reknar med at sokkane vert gode å ha etterkvart. I dag har det vore sol, såpass at vi kan tru at våren er her. Men det er berre før vi går ut;) Jentene tok på seg varmedress då dei gjekk ut på ettermiddagen. Då hadde dei vore ute før, og oppdaga at det var kaldare enn det såg ut til!

Elles har eg brukt ein god del pengar i dag... Ikkje på garnhandel, men på bryllupsgåve, sko og strømper, ny bh og denslags. Det er berre ei veke att til Det Store Bryllupet, minstesystra mi skal gifte seg!! Det blir nok ein fantastisk dag:)

3 kommentarer:

Brit sa...

Greitt når man ønsker seg noe og får oppfylt ønskene:)
Lykke til med forberedelsene til bryllupsfest.

Wenche/chawo sa...

Flotte pulsvarmere og sokker.

Greta sa...

kjekt med slike arbeide som går fort og som er godkjent av lisje sjefen hehe. Sokker er det bruk for året rundt trur eg.
Det vert stas med bryllup. Skal i bryllup om 2 månader sjølv eg. Da til dattra.
Ha ei fortsatt fin helg