søndag 3. juni 2007

Uteliv

Eg har sørga for å ha ein enkel hage, i og med at eg ikkje har så veldig grøne fingrar. Eg har berre eit blomsterbed, og det er ikkje så stort, men nokre meter langt! No er det ikkje mange fargar der, men det blir jordbær der i år!

Prinsessa fann ein liten sovepose i dag. Det var så stas at ho måtte ta den med ut på terrassen og prøve den. Det var ein suksess.... Vi oppdaga brått at ho ikkje var der vi trudde, og ei rask leiting avslørte at ho hadde teke ein lur i soveposen. Minst 120 grader var det sikkert inni der!

1 kommentar:

Anonym sa...

men lange blomsterbed er fine de! Dessuten er det ikke alle som "har tid" til sånt...hmmmmmm...hehe, må jo være på nett, sant:-o

hehe;-)