lørdag 11. august 2007

Nytt på heimefronten


Eg nemnde at eg har kjøpt akvarium. Her er den kulaste innbyggaren i akvariet:) Han er stygg som juling, tøffare enn toget og har større kjeft enn nokon andre i huset (i forhold til størrelsen, i alle fall....)

Her er siste framdrift på barnehagegenser til gullungen. Det er jammen bra at ho ikkje skal starte i barnehagen før midt i oktober... Men det går jo framover! Det er berre så mykje anna som må gjerast heile tida. Nokon som kjenner seg igjen?

Dersom eg finn isskrape på bensinstasjonen i morgon, kan eg gjere ferdig dette prosjektet. Måtte strikke noko kjapt:) Dette skal altså bli ein isskrapevott, og eg trur nesten eg må ha ei isskrape klar når denne er ferdig tova. Må vel sjekke at den passar? Dersom dette vert ca bra, skal eg lage nokre til!

Til denne brukte eg eit nøste Fritidsgarn og pinne 6.

2 kommentarer:

strikkegal sa...

morsom fisk, syns den nesten var litt søt jeg ;)

strikkegal sa...

morsom fisk, syns den nesten var litt søt jeg ;)