mandag 12. mai 2008

Gensaren er ferdig

Hurra, eg er ferdig med monteringa av gensaren! No skal Prinsessa få ny gensar. I alle fall til hausten, vi får håpe at det ikkje er store behov for tjukke strikkagensarar i sommar!!
Garnet er Rubin superwash, og oppskrifta fann eg i eit hefte frå mange år tilbake: Dalebarn nr 51. Eg gjorde nokre endringar, både i fargevalg og halsopning, men det er etterkvart ganske vanleg....

Innimellom vert det nokre fleire kjøkenklutar også:) Denne er strikka av Tuva, ei gåve frå min hemmelege venn i april.


Kan vi håpe på ein betre sommar i år enn i fjor? I fjor var det vel OK ver av og til fram til fellesferien, men frå andre veka i juli og ut året var det fryktelig kjedeleg ver! No har vi hatt ei fin periode. I dag var det kald vind, men sola varmar:) Så i dag har vi vore på badestranda! Utan å bade, sjøl om vi såg nokre tullingar som bada;)
Jentene har kosa seg med å grave i sanden og erte bølgene. Er ikkje dette ei nydelig strand, vel?

5 kommentarer:

Wenche sa...

Stranda er fin da, men fjellet (Sulafjellet) i bakgrunnen er like fint *LOL*...sier

Anonym sa...

For en flott genser! Hyggelig blogg å besøke.

Niko sa...

Flott genser og la oss håpe at den ikke blir brukt i sommer. Niko

Anonym sa...

Åh for en nydelig strand! Der så det utrolig herlig ut. Skule gjerne hatt en så fin strand i nærheten.

Og genseren så veldig fin ut også. Litt av en jobb! Regner med at hun blir veldig glad for den til høsten, og så får vi satse på at hun ikke trenger den før november en gang. ;)

Anonym sa...

Om stranda e fine ja! Åjåjåj, so fine den e =)
Hjørungavåg for alltid veit du ;)