mandag 30. juni 2008

Hekledilla har kanskje tatt tak i meg...


Denne kjolen til minstejenta gjorde at eg måtte leite fram heklekroken til kantar. Og kva resulterer slikt i? Jau, den boka der eg fann ut korleis eg skulle hekle kant, vart inspirasjon til fleire prosjekt. No heklar eg hattar...

Men vi må jo gjere litt anna også!

I går hadde vi ein fin tur til den ytterste enden av verda, i alle fall nokså nær. Vi vurderte ein tur til Runde, men svinga av og tok turen til Mulevikja, forbi Fosnavåg, vidare gjennom Kvalsvika og til denne stranda. Det er ikkje alltid sand her, det varierer frå år til år. Men i år er det ein god del sand, og det er kjekt å erte storbåra der. I går var det berre små bølgjer, men vi kosa oss der ei heil stund.

Prinsessa har fått seg hekla hatt, og har funne ei lita krabbe. Møtet var meir vellukka for jenta enn for krabba, som rett og slett ikkje overlevde sjokket...

Vi gjekk mellom sauene på veg ned til stranda. Kor mange sånne ulldottar måtte eg ha plukka med meg for å få nok til ei lue, mon tru?? Eg gadd ikkje å teste...

1 kommentar:

garn og pinner og ... sa...

Kjolen og hatten ble kjempefine!
Prisessa er heldig som har en mor som hekler og strikker så fine ting! Lykke til med heklinga, det er morro å hekle også!