søndag 7. september 2008

Ei fantastisk helg! Igjen:)

Denne helga har vore ein god miks av å lære litt, vere sosial og slappe av på mange vis. Eit kurs i Oslo torsdag og fredag må gjerne kombinerast med noko meir, ikkje sant? Det er maaaange år sidan eg var på tur i hovedstaden uten å ha med familien på slep! Denne helga var mor åleine på tur;)

Husbonden fekk teste ut litt sjølv, og eg kosa meg!

Det vart ei nydelig helg, med overnatting hos ei god venninne frå ungdomsåra. Judit har blitt med meg i hobbyboden også.... Og i tillegg til å få bu hos ei venninne, kom dei andre på løpande band. Laurdag var vi samla 5 stykker, med nokre born og ein mann som bonus. Det vart mykje prat i mange timar:)

Sjølvsagt fekk vi strikka litt innimellom også...

Flyet heim korresponderte dårleg med båten som skal ta meg siste etappe. Så eg fekk nokre timar i Ålesund. Då vart det ein tur opp til Fjellstova. Det er 418 trappetrinn opp. Og ein del veg i tillegg. Eg fekk opp pulsen på turen, kan du seie.
Utsikta frå toppen er verdt turen. Og så er det jo bra med litt trim, ikkje sant?


Eg har endeleg gjort ferdig eit par gryteklutar. Det har eg hatt hengane over meg i lengre tid... Så her er dei. Strikka i smårute-mønster, med ein hekla kant rundt til slutt.

Eit par sokkar i størrelse ca 35, av multifarga Viking Sportsragg.


Og sjå her: Eit makrame-armband! Det er det fyrste eg har laga av makrame på minst 25 år! Men med Trondheimsstuderende småsystre på sommarbesøk kom inspirasjonen strøymande på! Det vert nok fleire smykke og denslags....

1 kommentar:

Anonym sa...

jeej, trur det e nesten fyrste gong i heile livet at ej e ei inspirasjonskilde til noke handarbeidsrelatert! Kjekt for mej. Ej he forresten strikka mej hue, skjerf å to tjokkelestepar den siste tida. *Stolte*