lørdag 25. oktober 2008

Litt godsaker?

Det er godt med haust. Det er høljregn ute, og vinden hyler rundt hushjørna. Sjølv i vårt ganske så nye hus er det litt kaldt av og til, kanskje fordi vi ikkje vil skru opp den vassborne varmen i golvet meir. Det er langt meir økonomisk å ha termostaten stilt slik at det er ok, men ikkje varmt i huset. Så då vert vi frista til eller minte på å fyre opp. Slik varme er så god:) Og gratis!

Wow! Innpakka gåver! Det er alltid spennende:)


Trur du at det er jula eg har starta å tenke på? Nei, det kan vel ikkje vere det... For eg er ikkje klar til å gjere gåveinnpakkinga heilt enno. Faktisk trur eg at det vil ta lang tid før eg er klar;) Men noko har eg pakka inn i kveld!


Jauda, det var gevinstar til barneturn-gruppa. Og når gevinstane skal vere verdt ca 20 kroner, er det liksom ikkje så veldig mange spennende ting å kome på. Sjølv likar eg ikkje veldig godt å kome heim med små dillesaker som eg ikkje anar kvar eg sette/legge/bruke. Då er det lettare med noko som vert ete opp, ikkje sant? I tillegg er det jo godt, då!


Dette er berre for å minne deg om kva du BURDE ete... For sjokolade er ikkje sunt for deg! Eller meg...


For tida vert det mindre tid med strikkepinnane. Det er litt for mykje anna som skal gjerast. Men eg held på med ein gensar til minstemor, i Rauma Finull.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Vedovnen er god å ha nå ja. Den sjokoladen er ikke min venn men det er heller ikke frukten om dagen. Strikketøyet er bedre... hihi

Judit sa...

Litt grått og trist ute her også, men egentlig ikke altfor ille. Vi sitter inne og gjør høstaktiviteter som lese bøker, spille spill og pusle likevel:-). Nå begynte jeg å gle meg til jul når jeg så pakkene dine! På onsdag skal jeg og Line på julekort kurs, da blir det nok juleforventningsstemning helt frem til jul.
Kos deg med en god høsthelg!

Lena sa...

Herlige jentefargen på den genseren! Godt med vedvarme, det er helt sikkert. Vi har deilig høstvær i dag, men det er ikke altid slik... Ha en fin helg:)

Frau Putz sa...

Åh, hvor ville jeg ønske, at jeg havde sådan en vedovn (Brændeovn på dansk).
Det er så hyggeligt (koselige) når det knitrer og knager inde i ovnen.
Og chokolade er godt for sjælen...

Super skønne farver på genseren. Den bliver hun sikkert glad for.