lørdag 22. november 2008

Den store lefsebakedagen!

Eg er velsigna med ei mor som kan lage lefser, og som syns at det er fint å lære den neste generasjonen det samme. Nokre gongar har eg fått lefsene ferdig leverte på døra i høveleg tid før jul, men andre gongar har eg vore med på ein liten dugnad:) Det kjem litt an på kor god tid eg har! I dag vart eg med på prosessen. Det er litt stas, og vi er veldig fornøgde med oss sjølve medan vi kjevlar, steiker, skravlar og kosar oss i ei lita sky av mjøl:) Legg merke til lefsepinnen, den laga eg på barneskulen!! Eg brukte laaaaang tid på den også:)

Morfar fekk lov til å låne to småjenter, for pappaen i huset er på jobb ganske mykje no for tida.... Etter ei økt ute, kom eldste prinsessa inn og ville hjelpe til. Ho kjevla eit par lefser halvvegs, og så fullførte mormora. Men ei gjorde ho heilt ferdig, og den vart ganske perfekt! Dette vert ei bakstekjerring;)

Dynking og smøring er også ein viktig del av jobben. Desse lefsene var greie å jobbe med, så vi møtte ikkje store utfordringar. Så då er det berre smakinga som står att... Og smaken er bra!

Vi har laga ca 50 lefser i dag, og i tillegg kom mamma med ein stabel med hardinglefser i kveld. Ho hadde meir arbeidslyst etter at eg hadde plukka med meg jentene mine og gått heim. Ein får berre takke og bukke, ikkje sant?

Eg har strikka litt også.

Desse to luene er strikka av Topp te tå. Dei vart mindre enn eg hadde tenkt, så det vert nok slik at minstemor får den største lua og så gir eg vekk den minste. Eldstemor kan få ei anna...

5 kommentarer:

Den gode feen sa...

Heihei, og takk for kommentar. Nå har eg leita meg heilt tilbake til marsmellowsane dine, og det er nok ikkje desse eg vart inspirert av. Dine var fantastisk fine, men det er eit anna bilde eg såg i november-desember i fjor :) Ha ein fin søndag. Eg vart skikkeleg svolten av all den gode maten du har bilder av her inne :)

Laurel sa...

Det der så virkelig kjekt ut

Judit sa...

Så kjekt med lefsedugnad, neste år kommer jeg også!! Hadde store planer om å bake lefser i dag, men mangla surmelk, brukte dokke surmelk i lefsene? Har aldri bakt lefser, så det blir nok bare til "internt" bruk i år:-)
Deilige halser og luer du strikker!

Anlen sa...

Eg burde ha lagt ut oppskrifta, men eg har den ikkje.... Men det er ikkje surmelk i dei, så vidt eg kan hugse... Det var ein del av prosessen eg ikkje var heilt med på, det der. Mamsen hadde ikkje tid til å vente på meg;)

Det er berre å prøve, det går sikkert bra!

karna sa...

Misunner deg den baksten.