
Morfar fekk lov til å låne to småjenter, for pappaen i huset er på jobb ganske mykje no for tida.... Etter ei økt ute, kom eldste prinsessa inn og ville hjelpe til. Ho kjevla eit par lefser halvvegs, og så fullførte mormora. Men ei gjorde ho heilt ferdig, og den vart ganske perfekt! Dette vert ei bakstekjerring;)

Dynking og smøring er også ein viktig del av jobben. Desse lefsene var greie å jobbe med, så vi møtte ikkje store utfordringar. Så då er det berre smakinga som står att... Og smaken er bra!

Vi har laga ca 50 lefser i dag, og i tillegg kom mamma med ein stabel med hardinglefser i kveld. Ho hadde meir arbeidslyst etter at eg hadde plukka med meg jentene mine og gått heim. Ein får berre takke og bukke, ikkje sant?
Eg har strikka litt også.

Desse to luene er strikka av Topp te tå. Dei vart mindre enn eg hadde tenkt, så det vert nok slik at minstemor får den største lua og så gir eg vekk den minste. Eldstemor kan få ei anna...
5 kommentarer:
Heihei, og takk for kommentar. Nå har eg leita meg heilt tilbake til marsmellowsane dine, og det er nok ikkje desse eg vart inspirert av. Dine var fantastisk fine, men det er eit anna bilde eg såg i november-desember i fjor :) Ha ein fin søndag. Eg vart skikkeleg svolten av all den gode maten du har bilder av her inne :)
Det der så virkelig kjekt ut
Så kjekt med lefsedugnad, neste år kommer jeg også!! Hadde store planer om å bake lefser i dag, men mangla surmelk, brukte dokke surmelk i lefsene? Har aldri bakt lefser, så det blir nok bare til "internt" bruk i år:-)
Deilige halser og luer du strikker!
Eg burde ha lagt ut oppskrifta, men eg har den ikkje.... Men det er ikkje surmelk i dei, så vidt eg kan hugse... Det var ein del av prosessen eg ikkje var heilt med på, det der. Mamsen hadde ikkje tid til å vente på meg;)
Det er berre å prøve, det går sikkert bra!
Misunner deg den baksten.
Legg inn en kommentar