onsdag 26. november 2008

Fantastisk kursdag!

Eg har vore på kurs i dag! Og det er det kjekkaste kurset eg har vore på nokon gong. Tenk å plukke saman 140 personar og synge heile dagen, kan det bli betre?

Det er Kor Arti' som er årsaka til min iver:) For dei som ikkje kjenner til det, kan eg forklare at det er eit konsept der skulane får kjøpe ein cd med playback og notar, med stort spenn i musikkvalg. Cd-en vert fulgt opp med kurs over store delar av landet, der svært inspirerende instruktørar lærer bort dei aktuelle songane. Så skal vi ta med stoffet tilbake til våre eigne skular og bruke det der. I dag fekk eg med meg Kor Arti' volum 12. Det er 17 songar på denne cd-en, og det er altså 11 slike frå før på skulen. Det betyr at vi har maaaange gode songar å plukke frå når vi skal ha musikk på skulen.

Sjølvsagt kunne vi kjøpt cd-en og notane, og ikkje fått med oss kurset. Men vi får mange gode tips, og det er ikkje alle songane som er kjente for oss frå før. Erfaringsmessig er det då lett å velge bort dei songane du ikkje kjenner til, ikkje sant? Synd, for det er mykje bra der!

Eit lite ankepunkt kan vere at nivået er ganske høgt, eg er i tvil om elevane på barneskulen klarer å få med seg teksta på nokre av dei engelske songane i bra tempo.

Men berre høyr her, så stort spennet er:
*Dancing Queen (Abba)
*Månemannen (Vamp)
*Finast' eg veit (Hellbillies)
*Øystein Sunde-potpourri (Hjelp, for ei fart!!)
*Blå ballong
*Eg heiter Håvard Hedde (I ein skikkelig kul versjon)
*Innerst i sjelen
*Rocking around the Christmas tree
*The summer of '69
*Bæstevænna
*Circle of life (Løvenes konge)
og det var ikkje alle, ein gong!

No står det berre att å lære songane vidare til dei andre....

1 kommentar:

Anonym sa...

Det var sikkert et artig kurs ! Vi har alle cd'ene på skolen vår også , og de er i bruk ofte . Bruker de i Bygdekvinnelaget her , og :)

Josefine