tirsdag 4. november 2008

London, what a marvellous place!

Skal eg få friste litt i dag?


Åååååå, eg vil tilbake!
London er for mykje for ei langhelg, men det visste vi jo...

Har du ikkje vore i London? Ta turen så snart som du kan få det til:) Jaja, du kan vente til du har råd til å bruke nokre pound på shopping, og god mat!


Eg handla ein del. Såpass mykje at eg måtte ha på litt meir klede enn eg eigentleg trengde på flyturen heim... Det var nemlig ikkje plass i kofferten min! Og ikkje i gubben sin heller, der hadde eg alt vore på ferde og stappa litt ekstra:)


Elles må eg vel berre innrømme at det var utrulig behagelig å la småborna vere igjen heime hos besteforeldra sine. Det er nok litt annleis å ha med born, ja.

Vi har vore på sightseeing, teke ein tur i London Eye, som er eit diiiigert pariserhjul med oversikt over heile verda. I alle fall nesten....

No var juleutstillingane nesten på plass, nokre stadar var det full jul, andre stadar heldt dei på å bygge no.
Vi har hatt ei fantastisk helg. Vi budde rett ved Oxford Street der det er shopping over heile fjøla. I tillegg har eg blitt ganske flink til å ta meg rundt via undergrunnsbana. Så då er det berre å reise tilbake!

3 kommentarer:

Hanne sa...

Flotte bilder, fra en fantastisk by. Ser ut som du riktig har kost deg.
Ønsker deg en fin onsdag.

Renate sa...

No fekk ej lyst på tur...

Ilje sa...

Ah, sjå der ja! Ser ut som det var ein fin tur! Koseleg å vere der når det er juleutstillingar, det skulle ein gjerne fått med seg ein gong. Takka vere desse bileta fekk eg lyst til å gå og bake kake no ... :)