onsdag 5. november 2008

Så sjarmerande unge menn kan vere...:)

I dag har eg fått ein liten pluss i den mentale margen. Eg er ganske mange timar saman med ein gut på skulen, og onsdagar er det eg som er ved sida hans heile dagen. Rett nok har dei berre 4 timar i dag, men likevel:)

I dag kom eg med dagsplanen, og han smilte og sa: "Er det du som er her i heile dag?" med det mest sjarmerande smilet nokon kunne ha fått servert. Eg smelta sjølvsagt. Igjen.

Det er greitt å få nokre slike tilbakemeldingar også, det er ganske mange av den andre sorten, også frå denne karen.

Håper du også får nokre slike gode innspel, det varmar i sjela.

1 kommentar:

Anonym sa...

Takk for besøket i bloggen min!
Har kost meg her hos deg; du skriver lunt og godt. Kommer gjerne tilbake:-) Klem Grete