torsdag 20. november 2008

Nytelsesfull rengjøring


Er det eigentleg mogleg? Forfattarane av denne boka påstår det er gøy å vaske. Tja... Eg er med på at det er fint at det er reint, og det gjev ei god kjensle at huset er reint og luktar ok. Ikkje så mykje grønsåpe lenger, men det kan lukte bra av andre ting også:)

Boka vart innkjøpt ved ei tilfeldigheit på salg ein gong. Og eg har vel sett i den nokre gongar, men ikkje klart å bli ein ihuga husvaskar likevel.

Men nokre av poenga er bra. For eksempel at du bør starte med å rydde ut og vekk (les:Kaste eller gje vekk) det du ikkje treng. Færre ting å flytte på, færre støvsamlarar, færre teppe som burde rensast, færre lause nøklar eller andre ting som slenger overalt. Skåler, bokser, kasser.... Jada, det er berre å leite dei fram!

Og innimellom er det pepra med små glimt frå 1950:

Ukerengjøring dekker stort sett samme sysler som den daglige rengjøringen, bare med den forskjell at det gjøres grundigere. Man er for eksempel mer nøye med gulvene, tørker av panelovner og vinduskarmer og pusser vinduer hvis det trengs.

Hmmmm. Mine vindu har vel ikkje hatt behov for vask, dei? I alle fall ikkje slik at eg har teke det med i den omtale ukerengjøringen dei siste 10-12 vekene....


Men eg har vore bra flink i dag: Eg er heime med sjuk prinsesse, og har nytta høvet til å vaske gardinene på soveromet. Eg har også rydda på loftstova, og pakka inn nokre julegåver. Det er ikkje ille, vel? Og så har vi mala, ete popcorn, støvsuga 1. etasje og fyrt i omnen heile dagen. Det er nemlig snøver ute i dag. Ei god dag å vere inne!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ser ikke akkurat for meg at rengjøring kan bli nytelsesfull , men... Det holder med et skippertak en gang iblandt ! ;)
Snøvær her også , måtte måke meg ut døra i dag , det blåste i tillegg... Men det er koselig også , og i helga ska jeg ha akedag sammen med kusinene mine og sønnene deres . Det blir gøy ! :)

God helg :))

Josefine

Anonym sa...

Hehe, optimistisk tittel på en bok. Men vasking og rydding må jo til uansett, så da er det jo greit med gode tips for å gjøre det kjappere og enklere.